Søk i arkivet

Aktuelt

Salmon Blog: Oppdrett kan framleis vere ei næring for heile kysten

I tumultane rundt dei store selskapa, blir det stadig gjeve eit inntrykk av at berre desse kan sikre ei framtidig laksenæring i Noreg. Dette er eit uriktig bilete. Lakseoppdrett handlar framleis om å produsere fisk, og ein treng ikkje å sentralisere verksemdene til dei store byane for å få til det.

Lakseoppdrett er ei næring som vart skapt i norske fjordar og vikar. Ho baserte seg på kunnskapen som forstandige og nevenyttige folk hadde om fisk og sjømannskap. Sjølv om omsetnaden no er globalisert, føregår produksjonen framleis på desse plassane. Kunnskapen om å fôre fram ein frisk og sunn laks har ikkje vorte flytta til Bergen, Oslo, London eller Kypros. Det er berre makta og pengane som har gått den vegen.

Dei mest kostnadseffektive selskapa i norsk oppdrettsnæring er lokaleigde og har nær forbindelse frå øvste sjef til merdkanten. Landets flinkaste børsnoterte oppdrettarar har hovudsete på Frøya. Ideen om at dei største og mest dresskledde selskapa leiar an på forsking, fiskehelse og miljø er ei finansakrobatisk myte. Folket nær fisken er framleis einarane i norsk lakseoppdrett.

Nettverket Salmon Group samordnar i dag kring ti prosent av den norske lakseproduksjonen. Gjennom samarbeid om dei viktigaste innsatsfaktorane og kunnskapsdeling held 45 lokalt baserte oppdrettsselskap stand mot sentralisering og kapitalmakt. Selskapa er nøkkelverksemder i sine lokalsamfunn, og driftar ei rekke forskings- og utviklingsprosjekt, på alt frå steril fisk til lukka anlegg og biologisk avlusing.

Viss politikarane vil, kan oppdrettsnæringa framleis vere ei kystnæring med eit mangfald av arbeidsplassar og tenester i hundrevis av lokalsamfunn. Oppdrett kan vere ein vekstmotor i kommunar som av ulike årsaker har hatt manko på andre typar industri og næringsutvikling. Lokalt eigarskap sikrar at verdiar vert att i samfunna som stiller areal til rådvelde. I staden for å sole seg i retorikken om ”laksehovudstad”, bør ein snakke om potensialet til heile lakselandet.

Tekst: Øyvind Kråkås