Søk i arkivet

Røde Kors leverte over 300 laksemiddagar

Harald EngevikFlora Røde Kors er fast leverandør av grilltenester under Laksens dag i Florø. Sist laurdag selde dei over 300 måltid under arrangementet.

Harald Engevik representerar både EWOS og Røde Kors under Laksens dag, og seier godt vær og flyttinga av arrangementet til Strandgata var med og sikra ein oppgang i matsalet i høve til i fjor. Sidan oppstarten i 2011 har lokallaget til Røde Kors stått for grillinga av laks under Laksens dag og hatt inntektene av dette.

Salmon Group takkar Harald og dei andre frivillege for maten, og glimrande service til dei besøkjande under Laksens Dag 2013.

Tekst: Øyvind Kråkås