Søk i arkivet

Ordføraren i Masfjorden framheva Engesund Fiskeoppdrett

Svein Eivind Gilje kjøper leppefisk lokaltOnsdag 19 juni var heile leiinga i Masfjorden Kommune på Vitjing til Engesund sine lokaliteter i Masfjorden Kommune. Initiativet var frå dagleg leiar Svein Eivind Gilje for å åuka forståing av av å driva oppdrett samt å kunne dele informasjon til dei tilsette i kommune om korleis det er å driva lakseoppdrett.

Fleire av kommunen sine tilsette nytta høve i det flotte været til å få ein smakebit av det Engesund hadde å by på. Det var rundtur på begge lokalitetane, og det vart smaka på fôret som laksen får. Ordføraren framheva Engesund Fiskeoppdrett med at dei hadde overtatt eit konkursbu og i tillegg rydda opp etter tidlegare selskap, slik at området i dag tok seg bra ut. Svein Eivind poengterte med at dei hadde lagt ut om lag kr 1 mill på å rydda opp etter konkursbuet, noko dei ikkje var pliktig til men hadde gjort det for å syna kommunen om at dei tok ansvar. Det hadde kommune lagt merke til, og dei var godt ynskt av kommunen. Turen vart avslutta med ein fantastisk heimelaga syltelaks og marinert laks som dagleg leiar i Engesund Visningsanlegg, Lisa Instefjord, hadde laga.

Tekst: Arild Hagenes