Søk i arkivet

Open dag og dans i Bjordal

Osland HavbrukFredag 14. juni feirar Osland Havbruk 50 år med fiskieoppdrett på sørsida av Sognefjorden. Alle som vil får høve til å delta.

På dagtid vert det arrangert omvisning og utflukt til lokaliteten Eidesberget. Det vert servering av mat, konkurranse og opning av ny kai ved Osland Brygge. Der vert og omvisning på setjefiskanlegget på Sørebø, med presentasjon av oppgraderingane ein jobbar med der.

På kvelden skal den nye kaia dansast inn. Asbjørn Osland band spelar opp frå 22.30, fri inngang.

Tekst: Øyvind Kråkås