Søk i arkivet

Møt gjengen bak “Våt Moro” under Laksens dag

Våt moroDen maritime ekstremsportfestivalen Våt Moro vart arrangert første gong i fjor, og har møtt stor begeistring. Nyleg fekk arrangementet prisen “Årets kulturidè” frå NRK Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga. Laurdag kan du lære festivalen nærare å kjenne under Laksens dag i kystbyen.

Årets Våt Moro går av stabelen 10.-14. juli, men allereie til helga kan du få eit nærare kjennskap til festivalen. Arrangøren stiller med stand i Strandgata under arrangementet Laksens dag. Festivalen legge vekt på å syne folk kor mykje spenning og moro ein kan ha i vår eigen kystnatur.

Les meir på Våt moro sine heimesider

Laksens dag opnar laurdag 22. juni klokka 12.00 i Strandgata i Florø. Der vil bli råd å smake laks i kjende og eksperimentelle former, og med oss på laget har vi Kokkenes Mesterlaug i Sogn og Fjordane. Flora Røde kors vil som vanleg stå for grilling og sal av lekker sommarmat. Alle inntekter frå dette går inn til organisasjonen.

Tekst: Øyvind Kråkås