Søk i arkivet

Ledig stilling: Røykelaks søkjer potet

Elin og GroSvanøy røykeri AS driv med produksjon av røykelaks etter tradisjonelle metodar, lokalisert på Svanøy i Flora kommune. Vi er ei bedrift i vekst. Vi flytta inn i nye moderne lokale i 2013 og har med dette auka produksjonen. Søker difor etter ”POSITIV POTET MED SALSTALENT”

Søkar må ha utdanning og/eller erfaring innan sal og marknadsføring. Førarkort klasse B er nødvendig då stillinga medfører noko reising.

 

Arbeidsoppgåver vil blant anna vere:

– Sal og marknadsføring av vår unike Svanøylaks, både frå kontor og ute i ”felten” på demonstrasjon.

– Oppfølging av kundar

– Kontorarbeid

– Internkontroll

Du må kunne jobbe systematisk, sjølvstendig og ha gode datakunnskapar. Du bør og vere villig til å stå på når det trengs. God ordenssans og fleksibilitet er også eigenskapar som er viktige i denne stillinga.

 

Vi kan tilby:

– Sjanse til å utforme eiga stilling i ungt og triveleg miljø.

– Fleksibilitet i arbeidstid og –stad.

– Løn etter avtale.

 

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Gro Sveen

tlf 57747102/40408141.

 

Søknad med CV og referansar sendast til:

laks@svanoy.com

 

Søknadsfrist: 20.juli