Søk i arkivet

Aktuelt

Lærdalselva attende til normalen

LærdalselviEtter at Lærdalselva vart opna att for fiske for første gong på 17 år, er det til no meldt inn 138 laksar på fangststatistikken.

-Vi er veldig godt nøgde. Til no er det fanga 138 laksar. Av det er om lag 70 prosent av laksen sett ut att, og resten avliva, seier leiar i Lærdal Elveeigarlag Lasse Sælthun til NRK.no.

På spørsmål om kor mykje 138 laksar so langt i sesongen tilsvarar i historisk samanheng, svarar Sæltun:

– Det er slik det var i gode gamle dagar då vi hadde ordinært fiske. Eg trur vi er tilbake til dei same tala.

Lærdalselva har vore stengt for fisking og blitt behandla for parasitten gyrodactylus salaris. Arbeidet har kosta kring 45 millionar kroner. Først om nokre år kan ein seie om elva no er heilt rein. Salmon Group og Osland Havbruk har i forkant av denne historiske laksesesongen vore med og oppgradert utstillinga på Villakssenteret i Lærdal. Vi ynskjer grunneigarar og fiskarar lukke til med sesongen.

Les heile saka på NRK.no

Tekst: Øyvind Kråkås