Søk i arkivet

Hentar styrke gjennom laksen

Vemund HolstadVed sidan å jobbe i oppdrettsnæringa, er Svein Åge Holstad og sønene aktive innforbi styrkeløft. Under Sildebordet tok dei idretten ut i gata.

Det ser enkelt ut når ungdomane løftar 105 kilo over hovudet i eit kjapt rykk. Men for dei forbipasserande som tek sjansen på å prøve, bleiknar motet fort. Trening, teknikk og kosthald er viktig for dei som driv med styrkeløft.

-Hardt arbeid på merdkanten hjelper på, i tillegg veit vi at fiskeproteinar er meir effektive enn andre proteinar når ein skal byggje styrke, seier Svein Åge Holstad.

Saman med sønene Daniel, Stein Inge og Vemund er han aktiv i styrkeløftargruppa til Dale Idrettslag. -Vi ynskjer å vise oss fram for å skaffe interesse for sporten og rekruttere nye utøvarar, seier han til Salmon Group. Svein Åge er dagleg leiar i Gjølanger Settefisk, som er aksjonær i SG. Nettverket er med og sponsar aktiviteten til vektløftarane i Dale I.L.

Les og “Løfta tungt med hjelp frå Salmon Group”

Tekst: Øyvind Kråkås