Søk i arkivet

Helseministeren kritiserar VG si dømekraft

Jonas Gahr StøreHelseminister Jonas Gahr-Støre går i dag til det sjeldne steget å kritisere avisa VG si dømekraft i saka om miljøgifter i oppdrettslaks.

Saka om barnelegen ved Haukeland Universitetssjukehus som i måndagens VG gjekk ut og åtvara gravide, barn og unge mot å ete oppdrettslaks, har fått stor merksemd i alle dei store norske media. Salmon Group gjorde i går greie for vårt arbeid rundt desse påstandane både på NRK Sogn og Fjordane og TV2 Nyhetskanalen. Vi har hatt all mogleg interesse av å opptre opent og faktasøkjande i denne saka. Dei offisielle fagmiljøa har i tur og orden gått ut og teke avstand frå barnelegen sitt syn.

No har og ein del nye moment kome opp rundt avisa sitt oppslag, mellom anna er det avdekka at den aktuelle legen har gåande ein nabotvist med eit oppdrettsselskap i Sveio, der ho har fritidseigedom. Som fylgje av denne saka har ho nytta mykje tid og krefter på å spreie negative påstandar om norsk laks og oppdrettsnæring.

Måndag kveld kom og helseminister Jonas Gahr-Støre på bana i saka. Han seier til VG Nett at han har full tillit til både Mattilsynet og Vitenskapskomiteen for mattrygghet som seier det er trygt å ete oppdrettslaks for både gravide, ammande og barn. Han reagerer og på måten avisa VG slo opp denne saka på:

– Det er ytringsfrihet, men jeg synes VG gir dette et oppslag som ikke stemmer med proporsjonene. Det er et ansvar VG må ta.

Les meir om helseministeren sine reakjsonar på vg.no

For Salmon Group: Øyvind Kråkås