Søk i arkivet

Gro vil la seg forske på

Elin og GroGro Sveen er oppvaksen på oppdrettslaks, som ein del av ein lakseglad familie på Svanøy i Sunnfjord. No stiller ho seg til rådvelde for forskarar som vil finne ut om helsa hennar er svekka av miljøgifter.

-Hvis det stemmer at det er så mykje miljøgifter i oppdrettslaks, må eg vere full av miljøgift, seier Gro til FiskeribladetFiskaren. Gro er dagleg leiar på Svanøy Røykeri, og lukkeleg mor til to barn på fire og seks år. Sjølv om ho er van med å ete tre til fire måltid med laks i veka, har ho ikkje merka nokon spesielle helseplager som fylgje av kosthaldet.

– Sidan 2007 har eg ete røykelaks kvar dag til lunsj, og når eg ikkje har ete laks har eg ete makrell i tomat. Eg må vere full av gift. Eg veit ikkje om andre har merka noko spesielt med ungane eller oss, men vi har i alle fall ingen synlege plager, seier Gro Sveen til avisa.

For Salmon Group: Øyvind Kråkås