Søk i arkivet

Aktuelt

Gratis konsert med Tupelo på Laksens dag

TupeloLaksens dag har saman med Florø Rockeklubb gleda av å tilby gratis konsert med det irske orkesteret Tupelo laurdag 22.juni kl. 14.00.

Konserten vil føregå på utescene i Strandgata, og vil inngå i arrangementet Laksens dag. Frå 12.00 til 17.00 blir det grilling av laks og gratis smaksprøvar av spanande lakserettar i gata. Svanøy Røykeri tilbyr sine produkt frå eigen stand.

Tupelo vil og bli å høyre på Haavebua fredag kveld. Les meir på Rockeklubben sine heimesider

Tekst: Øyvind Kråkås