Søk i arkivet

Familjø slår tilbake mot lakseåtvaring

Norsk laks hos CarrefourDei offisielle fagmiljøa i Noreg; NIFES, Mattilsynet og Veterinærinstituttet slår attende mot VG sitt oppslag med barnelege Anne-Lise Bjørke Monsen ved Haukeland Universitetssjukehus.

Veterinærinstituttet ved forskingsdirektør Janneche Utne Skåre, seier til avisa Bergens Tidende at miljøgifter som blir tilført menneske gjennom kosthaldet er eit mindre problem no enn det har vore tidlegare. I 2005/2006 leia Utne Skåre arbeidet i Vitenskapskomiteen for mattrygghet, som enda i ein omfattande rapport om helseeffektane ved å ete fisk. Konklusjonen var at det store fleirtalet av befolkninga åt for lite fisk.

Også Haukeland Universitetssjukehus sine eigne forskarar på dette feltet tilbakeviser barnelegen sine påstandar. “Det er svært uheldig om slike oppslag gjør at folk, inkludert barn, unge og gravide unngår oppdrettslaks. Fet fisk inneholder jo svært mye godstoff som kroppen og hjernen vår trenger”, seier professor og overlege Alfred Halstensen ved Universitetet i Bergen og Haukeland Universitetssjukehus til BT.

For Salmon Group: Øyvind Kråkås