Søk i arkivet

Aktuelt

Boka du bør ha lest

Opp som en bjørnVi høyrer stadig påstandane om korleis store, intenasjonale og heilintegrerte lakseselskap skal ordne opp i alle problem oppdrettsnæringa måtte ha. Desse sin rett til å vokse skal vere avgjerande for næringa si framtidige bærekraft. Men korleis vart desse selskapa så store?

I boka “Opp som en bjørn” skildrar journalist Aslak Berge korleis laksegiganten Pan Fish (no ein del av Marien Harvest) vaks fram og fall saman. Historia er eit bilete på korleis ei voksande kystnæring vart innlemma i eit kynisk pyramidespel fullt av finansakrobatiske C-moment.

Historia om Pan Fish syner også korleis ulike edle samfunnsmotiv vikarierte for ambisjonane om å skape eit gigantselskap. Oppdrettsnæringa skulle aldri bli den same etterpå, og mange fekk slite med gjelda dei tok opp for å vere med på eventyret.

Boka har vore i handelen i nokre år, men finst enno å få kjøpt. Om du er interessert i norsk lakseoppdrett, er det pensum å ha lese ho.

Bestill boka her

Les også “Soria Moria slott”

Tekst: Øyvind Kråkås