Søk i arkivet

Aktuelt

-Andre har mykje å lære av lakseoppdrett

Stephen J. Hall-Konkurranse og kompetanseoverføring har gjort lakseoppdrett til eit føredøme for andre typar oppdrett på miljøsida, sa Stephen J. Hall frå World Fish Center under vårkonferansen ved UMB.

Årets vårkonferansen ved Universitet for Miljø og Biovitenskap på Ås, hadde akvakultur som tema. Ei rekke føredragshaldarar snakka om temaet ut frå ulikeproblemstillingar.

General director Stephen J. Hall frå World Fish Center snakka om matforsyning, matfordeling og ernæring ut frå verda sin akvakulturproduksjon. I folkerike delar av verda er der i ferd med å bli ein stor manko på fisk.

Under eit avsnitt om bærekraft i akvakultur, framheva Hall at lakseoppdrett har blitt ein rimeleg standardisert og miljøeffektiv produskjon over heile verda. “Verda bør kunne lære noko frå lakseoppdrett på bærekraftssida”, sa han.

Sjå føredraget til Hall og dei andre under konferansen på video her

Få meir informasjon frå AKVA 2013 ved UMB her

Tekst: Øyvind Kråkås