Søk i arkivet

50 år med oppdrett i Sognefjorden

ErikFredag 14. juni feirar Osland Havbruk at det i år er femti år sidan Erling Osland starta den første reindyrka fiskeoppdrettsverksemda i landet. Alle er velkomne til å delta.

Erling Osland både fekk og tok ei sentral rolle i oppbygginga av fiskeoppdrettsnæringa på 60- og 70-talet, noko han vart heidra med kongens fortenestemedalje for i 1988. Osland Havbruk var og i næringas første tiår i front av utviklinga med mellom anna eigne patenterte løysingar, og i kraft av rolla som pionerar i nye marknadar. Alt i 1971 vart den første oppdrettslaksen produsert av verksemda, og i 1984 vart truleg den første norske auren frakta frå Osland til Japan.

Det vert rom for både historie, notid og framtidsplanar når oppdrettarane i Bjordal på Høyanger sørside set av fredagen til å markere jubileet. På dagtid vert det arrangert omvisning og utflukt til matfiskanlegget på Eidesberget. Det vert servering av mat, konkurranse og opning av ny kai ved Osland Brygge. Besøkjande får og omvisning på setjefiskanlegget på Sørebø, med presentasjon av dei påbegynte framtidsplanane for anlegget. På kvelden blir det jubileumsmiddag for inviterte gjester.

Mykje folk frå laksenæringa, forvaltning, politikarar og andre interesserte er venta til Bjordal denne helga for å vere med på feiringa. Erling Osland sitt pionerarbeid for fiskeoppdrett står enno sterkt i den norske historia, og samstundes er Osland Havbruk framleis ei verksemd i vekst og utvikling. Det er tredje generasjon, Erik Osland, som i dag styrer Osland Havbruk. Verksemda har fem matfiskkonsesjonar, to setjefiskanlegg og eigarinteresser i eksportselskapet Seaborn og avlsselskapet SalmoBreed. Osland Havbruk er medeigar i nettverket Salmon Group, og Erik Osland er styreleiar der.

Tekst: Øyvind Kråkås/Stig Øvreås