Søk i arkivet

Aktuelt

Stor åtgaum for laksen i solfylte Oslo

åtgaumDen første vårdagen kom til Oslo saman med Salmon Group. Det gjorde Sogn og Fjordane si 250 års feiring i hovudstaden til ein folkefest.

Arrangementet Åtgaum har vore under planlegging sidan i fjor haust, og Salmon Group gjekk tidleg inn som ein av hovudsponsorane til arrangementet. Det vert produsert nesten 100 000 tonn laks og aure i Sogn og Fjordane kvart år, og vi ynskte å synleggjere at laksenæringa dermed er ein av dei viktigaste vekstmotorane i fylket.

Sjømatstanden baud på føde både for kropp og sjel. Kokkar frå Kokkenes Mesterlaug i Sogn og Fjordane grilla laks og kveite, til stor begeistring for publikum. Representantar frå Steinvik Fiskefarm, Norwell, Sogn Aqua, Norsk Villaksforvaltning og Salmon Group snakka med folk og delte ut brosjyremateriell.

Salmon Group vil takke Bravo Seafood, Coast Seafood, Norwell, Sogn Aqua og Norsk Villaksforvaltning for samarbeidet med arrangementet. I tillegg takkar vi våre aksjonærar i trivselsfylket som er med og finansierar deltakinga. Vi snakkast på Laksens Dag i Florø 22. juni!

Tekst: Øyvind Kråkås