Søk i arkivet

Aktuelt

Salmon Blog: Narrespelet

Dei siste par vekene har analytikarar, politikarar og oppdrettsdirektørar sprunge i føtene på kvarandre i media for å kommentere og påverke prosessen kring Marine Harvest sitt bod på Cermaq. Alle har ein agenda, også staten får vi håpe…

Det statlege eigarskapet i norsk oppdrettsnæring har ikkje ført med seg so mykje lukke for næringa. Først bygde ein opp selskapet Hydro Seafood, og då politikarane meinte at det var vel slakteklart, selde dei det til Holland og Marine Harvest. Seinare kjøpte den kypriotiske investoren John Fredriksen dette selskapet, og slo det etter kvart saman med Pan Fish og Fjord Seafood. Dei to sistenemnde var då havarerte i fjøra til bankane, etter at dei hadde køyrt over små og mellomstore aktørar i ei rekke år. Oppskrifta om total integrasjon både vertikalt i heile verdikjeda og horisontalt over mest mogleg av produksjonen, hadde slått feil.

No er same formelen på nytt teken fram, i den grad at han nokon gong vart lagd bort. Marine Harvest vil ta kontroll over fôrprodusenten EWOS, noko som vil gjere dei sterkt dominerande innanfor fiskefôrproduksjon, all den tid dei og skal byggje ein eigen fabrikk. Mange har undra seg litt over denne strategien, all den tid Marine Harvest i si tid var seld frå Nutreco, som og eig fôrprodusenten Skretting. Dei såg tydelegvis ikkje store nok synergiar mellom desse ledda. Samstundes kastar Marine Harvest kol på teorien som både Pan Fish og seinare Cermaq har hatt om å integrere råvareleddet i form av sildemjøl. Å hevde at sildemjøl ikkje vil vere ingrediens i fiskefôr i framtida, verkar i den samanheng underleg.

Kva som er rett og mindre rett økonomisk og industrielt, vil alltid vere ein komplisert diskusjon, der ein i beste fall kan døme i ettertid. Men det vi kan slå fast, er at mange av dei som uttalar seg har korstynte interesser av å argumentere slik dei gjere. Ikkje minst analytikarane. Rådgjeving, fusjonar, oppkjøp og spekulasjonar er god fyr på pengemaskina til desse aktørane. Dei har ei sterk eigeninteresse av å virvle opp støvet og skape aktivitet i marknaden. Såleis har dei lite truverd som objektive ekspertar.

At staten ikkje er nokon god eigar av oppdrettsaktivitet, kan eg vere eining i. Cermaq har ikkje synt seg fram som ein spesielt innovativ eller samfunnsbevisst aktør som fylgje av statleg kontroll. Men det betyr ikkje at det er rett å sende selskapet rett i armane på internasjonale investorar. Dette vil vere eit åtak på konkurransen i fôrmarknaden og ei ytterlegare konsolidering av Marine Harvest si makt i oppdrettsleddet, med tilhøyrande påverknad på forvaltninga.

Vi får håpe at regjeringa og næringsminister Giske har is nok i magen til å vente på den rette løysinga for Cermaq, utan å la seg stresse av kurtasjesvoltne aksjeflyttarar eller andre med ei sterk omsut for sin eigen pengebinge. Kanskje er det problematisk og lite meiningsfylt for staten Noreg å eige eit fiskeselskap med mykje av si verksemd i Sør-Amerika. Men det går an å ta seg tida til å finne ei betre løysing for våre eiga nasjonale laksenæring.

Tekst: Øyvind Kråkås