Søk i arkivet

Aktuelt

Klart for generalforsamling

Salmon Group flaggI dag samlar Salmon Group aksjonærane til generalforsamling på Solstrand Hotell. Nettverket representerar no 100 matfiskkonsesjonar og ein produksjon på om lag 45 millionar smolt.

– Sjølv om lokalt eigarskap stadig er under press, har Salmon Group som nettverk aldri stått sterkare. Vi er verdas største nettverksselskap og Noregs tredje største oppdrettsaktør, med solide eigarar og god drift. Aksjonærane er i landstoppen når det gjeld lønsemd, lang erfaring og høg kompetanse gjev gode resultat. Ingen er meir hands on i forhold til drifta enn dei lokaleigde aktørane, seier dagleg leiar i nettverket, Nils Inge Hitland.

Ved sidan av ordinær generalforsamling, er møtet og ei kunnskapsdeling og utveksling av erfaringar. På kvelden står det sosiale i sentrum. Salmon Group er den attverande stammen av den opprinnelege laksefamilien. Den er ein arv vi teke godt vare på.

Tekst: Øyvind Kråkås