Søk i arkivet

Aktuelt

Foredling for framtida- nyopninga av Svanøy Røykeri

Svanøy Røykeri– Vi har gjort det som var meininga med konsesjonstidelinga i 2009, sa Elin Tveit Sveen då ho endeleg kunne opne det nye røykeriet på lakseøya Svanøy.

Fiskeriministeren, regiondirektøren i Fiskeridirektoratet, ei rekke fylkespolitikarar og ein masse kjende fjes frå sjømatfamilien hadde teke turen til Svanøy då nye Svanøy Røykeri opna måndag 6. mai. Mot all sentralisering, har familien Tveit Sveen satsa pengar og arbeid i eit flett nytt foredlingsanlegg i eit lite lokalsamfunn.

Statsråden framheva og Elin og resten av familien Tveit Sveen sin uslitelege innsats for laksenæringa i talen sin. Ved sidan av røykeriverksemda, driv familien og matfiskselskapet Marø Havbruk med to konsesjonar for laks og aure. Elin er dagleg leiar i Marø Havbruk, medan dottera Gro er sjef for røykeriet. Tre generasjonar jobbar aktivt i bedriftene, medan den fjerde er på veg inn.

Elin sit i styret i Salmon Group, og er nyvald leiar for bransjegruppe havbruk i FHL, noko som og plasserar ho i hovudstyret i organisasjonen.

Lisbeth og Alex

 

 

 

 

 

 

Tekst: Øyvind Kråkås