Søk i arkivet

Fokus på laks som helsekost under Laksens Dag

Framhevar LaksenLaks er populær mat hos idrettsutøvarar og andre som vil byggje opp kroppen og ta vare på helsa. I år blir dette aspektet framheva under Laksens Dag i Florø.

22. juni er det duka for den årlege Laksens Dag i Florø. I år blir arrangementet flytta frå Torget til hovudgata Strandgata. Dette er for at enno fleire folk skal få oppleve moroa.

Tradisjonen tru vil Røde Kors grille laks, og Kokkenes Mesterlaug i Sogn og Fjordane vil servere smaksprøvar av spanande og eksotiske lakserettar. I tillegg vil vektløftargruppa frå Dale I.L stille med nokre av sine beste utøvarar for å syne fram sin idrett. Salmon Group er sponsor for gruppa, som mellom anna henta heim eit sølv under junior NM tidlegare i år.

Les og “Løftar tungt med hjelp frå Salmon Group”

Tekst: Øyvind Kråkås