Søk i arkivet

Sogn Aqua stiller på Åtgaum

Jan BrekkeJan Brekke og Sogn Aqua tek med seg kveite frå Slantevika til Oslo neste helg.

På Sogn Aqua sine heimesider kan ein lese dette om anlegget til kveiteoppdrettaren:

“Slantevika ligg mellom Bjordal og Ortnevik på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune. Det landbaserte anlegget ligg på eit nedlagt småbruk i eit bratt og karrigt terreng. Slantevika er omgitt av høge fjell og ein fjord som er heile 1,3 km djup. Folk har til alle tider hausta av naturen her. Fjella som beite, dei små jordlappane ved fjorden og fisket i fjorden. Sogn Aqua har også etablert seg her på grunn av ein naturressurs, nemlig djupvatnet frå Sognefjorden.”

Sogn Aqua leverar kveite til den kvalitetsbevisste restaurantmarknaden, mellom anna finn du merkevara “kveite frå Slantevika” på menyen på Grand Cafè i Oslo. Har du lyst å smake kveite frå Sogn? Kom på standen til sjømatnæringa under Åtgaum på Youngstorget sundag 5. mai.

Les meir om Sogn Aqua her

Tekst: Øyvind Kråkås