Søk i arkivet

Satsar på ungt lag under Åtgaum

UngdomenNeste sundag stiller laksenæringa i Sogn og Fjordane på stand under fylket si 250 årsmarkering på Youngstorget. Vi vel å sleppe ungdomen fram i fremste rekke for å lære Oslofolket om laks.

Fredrik Helland og Erlend Vassbotten har begge vakse opp med fisk i familien. Fedrene Hallgeir Helland og Alex Vassbotten (frå henholdvis Norwell og Steinvik Fiskefarm) skulle vere godt kjende for dei fleste i bransjen. Begge dei to juniorane er under utdanning for ei karriere i kysten si viktigaste vekstnæring. Sist veke stilte dei på stands i Brüssel, og neste helg er det altså hovudstaden som står for tur.

– Her har vi to karar som har god kompetanse om næringa, og som samstundes er gode til å snakke med folk. Vi er glade for å kunne nytte dei under dette arrangementet, seier Øyvind Kråkås, informajonsansvarleg i Salmon Group. Han koordinerar standen til sjømatnæringa under arrangementet ”Åtgaum”, som inngår i Sogn og Fjordane fylke si 250 årsfeiring. I tillegg til informasjon om fisk og havbruk, vil det verte råd å få smake både laks og kveite for ein billeg penge for dei besøkande. Arrangementet tek til kl. 12.00 og varer utover kvelden.

Foto: Fredrik til venstre, Erlend i midten. Til høgre Sondre Langeland, som jobba på standen til Skaar Norway under messa i Brüssel.

Pressemelding, Salmon Group