Søk i arkivet

Samarbeidar om landbasert postsmoltproduksjon

FjordsmoltLakseopdrettarane Osland Havbruk og Lingalaks samarbeidar med kveiteoppdrettar Sogn Aqua og forskarar ved NIVA om eit prosjekt for landbasert produksjon av laks og aure på opptil 1 kg.

Ideen om såkalla postsmoltproduksjon i lukka system, går ut på å verne fisken mot ytre påverknad i ein kritisk fase av livssyklusen. Dersom ein set ut fisken i opne anlegg ved om lag 1 kg, mot i dag maksimalt 250 gram, ser ein at fisken vil vere meir robust og motstandsdyktig mot sjukdom og lus.

Teknologien som skal prøvast gjenom prosjektet er utvikla av Jan Arne Brekke og Sogn Aqua for landbasert kveiteproduksjon. Ein spesiell type vasshandsaming ligg i botnen for denne teknologien. Sogn Aqua er prosjektleiar.

Les meir om Sogn Aqua

Tekst: Øyvind Kråkås