Søk i arkivet

Salmon Group møtte fiskeriministeren

FiskeriministerenDå fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen vitja den norske paviljongen i Brüssel på onsdag ettermiddag, var SG tilstades og snakka med ho på Norwell sin stand.

Den russiske kritikken mot norsk mattilsyn var eit opplagt tema, men og diskusjonen om roterande gjennomsnitt MTB vart teke opp. “Det hadde vore enklare om næringa var einige internt i denne saka”, sa statsråden, som kunne fortelje at verknadane av eit slikt regime no blir utgreia.

Etter ministeren sitt besøk fekk Salmon Group ein god prat med politisk rådgjevar i fiskeridepartementet, Tord Dale. Forsøk på å lokke ut meir info om den endelege tildelingsforskrifta for “grøne konsesjonar” vart møtt med høfleg henvisning til at ein no jobbar med dei innkomne høyrigsuttalane.

Tekst: Øyvind Kråkås