Søk i arkivet

Salmon Group klare for Brüssel

331I morgon opnar den tradisjonstunge European Seafood Expo i Europahovudstaden Brüssel. Salmon Group er sjølvsagt på plass for å fange opp kva som rører seg i sjømatverda.

Messa i Brüssel har utvikla seg til å bli ein av dei viktigaste møteplassane både for verdas sjømatnæring, og for norsk oppdrettsnæring. Både på messeområdet i Heysel og på Grand Place er det tett mellom dei norske røystene.

Salmon Group knyter i år spesiell interesse til å høyre korleis nedgang i produksjonen og skyhøge prisar verkar inn på kundane ute i verda. Spesielt er dette krevjande for europeisk foredlingsindustri.

Tekst: Øyvind Kråkås