Søk i arkivet

Salmon Blog: Starten på ein ny epoke

Gårsdagens melding om at der ikkje blir eit regionalt biomassetak i Hardanger og Sunnhordland, vert ikkje oppfatta som ein siger hos oss. Rett og slett fordi ingen taper noko på denne avgjerda. Dette er ei konstatering av at det arbeidet som har vore gjort i denne regionen dei siste åra, har sett området i ein leiande posisjon kva gjelde samarbeid og utvikling.

Mykje vatn har skiftast ut i Hardangerfjorden sidan prosessen med ei eiga forskrift for denne regionen tok til. Oppdrettsfisk har vakse opp og vorte slakta. Villfisk har vandra ut og kome att. Aktørar har krangla i media, men sanneleg har ein og samarbeidd. Næringa har saman med Mattilsynet etablert utsett og brakkleggingssonar. Avlusing og arbeidet mot PD har vorte koordinert. Fiskefella i Etneelva kom på plass for nokre dagar sidan.

Når eg reiser rundt og snakkar med oppdrettarar i andre delar av landet, seier eg ”sjå til Hardanger”. For ingen andre plassar har næringa funne saman og arbeidd solidarisk for å løyse utfordringar og spreie kunnskap som det ein no har sett i Hardanger og Sunnhordland. Lokaleigde og børsnoterte har jobba i lag. For alle som seier at oppdrettsnæringa er for fragmentert og snublar i føtene til kvarandre, er dette ei sak å sjå til. Næringa i dette området er sterkare, sunnare og meir berekraftig enn nokon sinne, etter alle desse åra med press og truslar.

Min påstand er at dette enorme løftet aldri hadde skjedd utan dei lokale aktørane. Selskap som hadde tyngda av sin produksjon i den omfatta landsdelen, og som var avhengige av å få til ei løysing som ga vidare drift nettopp der. Store aktørar kan flytte rundt på produksjon over eit større område. For dei lokale aktørane var det naudsynt å finne ei løysing i Hardanger. Dei var avhengige av å rydde og ordne der dei var.

Prosessen har vore ekstremt krevjande. Det har vore mange år med ugunstige utsikter, og lite som tilsa nye investeringar. Men lokale eigarar har satsa, på anlegg, slakteri og utvikling. Det som no finne stad, er starten på ein ny tidsalder. Kunnskapen, fellesskapen og framtidstrua er sterkare enn nokon gong. Ikkje berre for næringa i Hardanger, men i heile landet. Sjå til Hardanger, og lær om norsk lakseproduksjon. Kva det er, og kva det kan bli.

Tekst: Øyvind Kråkås