Søk i arkivet

Salmon Blog: Sandkassepolitikk

Den sitjande regjeringa demonstrerar ei manglande forståing for at norske produsentar av eksportvarer berre er små brikker i ein stor verdsmarknad. Laksenæringa opplever at ein no med vitande og vilje svekkar produktiviteten, samstundes som det vert dyrare å drive.

Føresetnaden for å investere i ny og betre teknologi, marknadsarbeid og produktutvikling, er at ein får lov å produsere og kan føle seg trygg på rammevilkåra i ein horisont som er lenger framme enn neste meiningsmåling. Under den sitjande regjeringa har dette vore håplaust. Lovendringar har vore ute på høyring til ei kvar tid og til dels overlappande.

Samstundes har der ikkje blitt tillate vekst i lakseproduksjonen. Den veksten som har vore, har handla om betre produktivitet hos oppdrettarane, lågare svinn og høge temperaturar i sjøen. At regjeringa tek ære for denne auka, må i beste fall setjast i samanheng med klimapolitikken. Denne vinteren har sjøtemperaturen kome ned att på nivå ein ikkje har sett sidan 1980-talet, og dermed fell og produksjonen markant.

2013 vil bli eit år med betydeleg lågare produksjon av norsk laks. Kor mykje reduksjonen blir, vil avhenge av kor mange byrder politikarane legg til børa. Regionalt biomassetak i Hardanger, soneforskrifter og auka fiskehandtering som fylgje av rigide lusegrenser gjennom heile året, vil vere inngrep som kan ta ned volumet av slakta fisk ytterlegare. Samstundes har halvtanna år med lågare eksportprisar bygd nye marknader og styrka dei gode gamle.

Denne vellukka marknadsutviklinga vil mykje godt då tapt dersom underskotet av fisk til marknaden får vare ved. Prisane vi ser no, er eit resultat av at mange av dei som ynskjer å kjøpe norsk laks fell av i bodrunden. Der er rett og slett for lite fisk tilgjengeleg. Etter kvart fryktar ein at mange foredlarar og konsumentar vel andre proteinkjelder enn norsk laks. Det må dei jo gjere, når denne ikkje er tilgjengeleg for dei.

At økonomen Stoltenberg og tidlegare FHL- direktør og fiskeoppdrettar Berg-Hansen ikkje ser desse mekanismane, er skuffande. At laksenæringa no blir halden nede, i ein fase der ein kunne hatt ei svært positiv utvikling, kan kome til å koste dyrt. Slakteri vil bli truga av nedlegging som fylgje av mangel på råstoff, det same vil eksportselskap. Usikre vilkår for framtida vil gjere at produksjonen vil smalast i færre og sentraliserte aktørar. Men produktet norsk laks vil og bli skadelidande, verdsmarknaden vil oppleve laksen som eit kostbart og lite tilgjengeleg produkt.

Salmon Group meinar at programerklæringa om ”verdas fremste sjømatnasjon” lyde meir tom for kvar gong den vert lest opp. Det regjeringa no drive med, er sandkassepolitikk. Her har ein ikkje oppfatta korleis norske produkt må kjempe for plassen i ei verd der mange andre er ivrige på å auke sin del av marknaden. Norsk laks kan ende opp med å bli ein diamant som vert pussa ned til støv.

Tekst: Øyvind Kråkås