Søk i arkivet

Salmon Blog: Ferja til Europa

FerjeI debatten om ferje, bru, veg på vestlandet og tog på austlandet, har mange sett vekk frå eit vesentleg poeng: Det er ikkje først og fremst omsynet til dei reisande, men omsynet til varetransport som er det sentrale for samferdsleprioriteringar i distrikta.

– No har vi fått på plass brusamband og eit topp moderne slakteri på Byrknes, no skal vi køyre so mange trailerar på denne vegen at ein ny veg tvingar seg fram, sa Ola Braanaas då han opna det nye slakteriet sitt i ytre Gulen. Offensivt og rett til poenget. Skal vi produsere på kysten og fylle i nasjonen si pengekiste, må vi ha vegar som sikrar at vara når forbrukaren.

Noreg er eit kronglete land for samferdsle; djupe fjordar, høge fjell og langt mellom folk. Til gjengjeld er vi tilgodesette med ei av verdas mest ressursrike kyststriper; olje, gass og fisk sikrar velstanden. Investeringar i desse næringane tryggar nasjonen sitt varelager. Mykje transport kan gå på kjøl, men ein del må og gå på bil. Oppdrettsnæringa får stort sett alle våre varer levert sjøvegen; fôr, fisk og anlegg. Men ferdig pakka må det meste av fisken gå med bil.

Sjølv er eg oppvaksen på ei øy, og nyttar stadig delar av kvardagen min om bord i ferjer. Eg likar ferjer; ei pause i køyringa, ein kopp kaffi, ein prat med naboen. Men om yrket mitt var køyring av varer, og varene trengde å komme snøggast mogleg fram, ville ferjene sjølvsagt fortone seg som ein frykteleg flaskehals. Tid er pengar, og ferjer teke tid. Spesielt om du ikkje når dei, eller ferja er full før du får køyre om bord.

Ved sidan av mange ferjestrekningar, er smal veg eit utprega problem mange stader i landet. Hårnålssvingar og smalare enn to køyrefelt er stadig ein del av vegnettet vårt, både på europavegar og riksvegar. Dette er for dårleg. Vi har ikkje investert rikdomen godt nok for å sikre han mot forvitring. Menneske satsar livet for å hente og bringe varer for norske bedrifter og forbrukarar.

Ferjefri europaveg og oppgradering av vegnettet langs kysten, handlar ikkje om oss som fraktar oss sjølve og ei dokumentmappe. Det handlar ikkje om familien på bytur eller tyske bubilturistar. Samferdsle i distrikta handlar om at ein vesentleg del av den norske velstanden og velferda er finansiert av det kysten kan gje oss. Og at Europa er vår viktigaste marknad. Då må vi nå kvarandre. Og ferda startar altfor ofte med ei ferje.

Tekst: Øyvind Kråkås