Søk i arkivet

Løfta tungt med hjelp frå Salmon Group

NM 2013Laurdag 06.04.13 stilte Vemund Holstad ilag med 50 stk ungdomar i alderen frå 13 til 17 årpå NM i vektløfting på Vigrestad utanfor Stavanger.Det ga resultat.

Vemund, som er sponsa av mellom andre Salmon Group stilte i 69 kg klassa og konkurrerte med 6 andre løftarar. 65 kg i rykk og 88 kg i støt heldt til andreplass og sølvmedalje. Vemund vil til hausten starte på akvakulturutdanning i Måløy, og med vidare trening kan vi nok vente ein som kan ta eit tak ved nottørking og andre tunge tak i framtida.

Tekst: Øyvind Kråkås/Dale I.L, vektløftergruppa