Søk i arkivet

Klar for tjue nye år med slakting

Ola og Carl ErikFredag opna Firda Seafood det ombygde slakteriet Martin E. Birknes på Byrknes i Gulen. – No er vi skodde for tjue nye år, sa ein stolt eigar, Ola Braanaas.

Byrknes ligg i Gulen kommune, ytst ute mot havet. Dette er Firda Seafood sitt rike, i sunda heromkring har dei sin produksjon, og litt lenger nord ligg turiststaden Skjerjehamn, som Ola Braanaas kjøpte og berga frå forfallet. Då den refuserte statua av folkekongen Olav V kom til den gamle tingstaden, vart Skjerjehamn landskjent.

I dag har Firda avtalar om 26.000 tonn slaktefisk til det renoverte anlegget, men kapasiteten er på rundt 70.000 tonn årleg. Målet er å kome opp i dette volumet, og køyre to skift i produksjonen.

Korpsmusikk, talar og snorklypping utført av ordførarane i Gulen og Hyllestad. Dagen hadde alt ei opning skal by på. Og om kvelden var det fest på Skjerjehamn, til musikk av lokale Oppedal Bluesband. Der er det ordføraren sjølv som er vokalist. Dei to stolte sjefane for Firda Seafood, Ola Braanaas og Carl Erik Arnesen, stilte på festen i nye indiske gevantar.

Tekst: Øyvind Kråkås