Søk i arkivet

Hugs Åtgaum i Oslo 5. mai!

Eva Weel SkramSalmon Group er ein av hovudsponsorane til arrangementet Åtgaum på Youngstorget i Oslo sundag 5. mai. Kom dit du og!

Åtgaum er ei profilering av næringslivet i Sogn og Fjordane i høve fylket si 250 års feiring. Sjømat er ein av dei store sektorane, der som ellers på kysten, og vil vere dominerande på arrangementet, saman med blant andre finansnæringa.

Som vanleg vil maten vi produserar stå i fokus; det vert grilling, kald buffet og ein eigen spesialitet under fotballkampen mellom Sogndal og Brann, som skal synast på storskjerm om kvelden.

På dagtid vil heile familien bli ivareteken, med underholdning, musikk, konkurransar og servering. Arrangementet har og ein avdeling med skjenkeløyve, så det blir fullt mogleg med ein pils til fotballkampen.

Program for dagen:

Stands med lag, organisasjonar, private og offentlege verksemder frå Sogn og Fjordane heile dagen.

Kjekke aktivitetar for born og vaksne, film, mat frå Bondens Marked, klartring i buldrevegg, hopping i liten hoppbakke, popping av popcorn i badekar, rebus, truckkøyring for småbarn, m.m.

12.15 Hovudscena: Radioprofil og programleiar Ronny Brede Aase frå NRK P3 (og Førde i Sunnfjord) leiar underhaldninga frå Sogn og Fjordane, med musikk ved Eva & The Heartmaker (biletet), Thea Hjelmeland og Synnøve Bjørset.

13.15-15.30: Langbord med velsmakande buffét (kr. 50,-).

Frå kl. 13.15 i den store lavvoen: Folkesong med Unni Løvlid. 13.45: Sagn og eventyr frå fjordfylket med Hanne Oftedal. (Ny start kvar halve time utover dagen).

Frå kl. 13.15 i den vesle lavvoen: Historier frå Gulatinget ved Espen Selvik (held fram utover dagen).

16.30: Musikk frå hovudscena: Nora Taksdal, Miriam Bergset, Eivind Kandal, Andreas Taklo, Magnus Bjørgo og: Gisle Børge Styve Trio.

Ca. 16.55 Hovudscena: Trekking av Sogn og Fjordane-gåva.

19.00: Vestlandsderbyet Sogndal – Brann på storskjerm.

Les meir om arrangementet og deltakarbedriftene

Tekst: Øyvind Kråkås