Søk i arkivet

Holst sluttar i HI- føler seg motarbeidd

Jens Christian Holst-Eg får ikkje gjennomslag for dei tinga eg ønskjer, seier forskar Jens Christian Holst til Bergens tidende. No sluttar han på Havforskningsinstituttet for å drive for seg sjølv.

I oppdrettsnæringa er Holst kjend for at han snudde i synet på lakselusa som ein vesentleg påverknadsfaktor for ville laksebestandar. Han har i dei seinare åra argumentert sterkt for “økosystembasert forvatning”, der ulike artar vert forvalta i relasjon til kvarandre. Pelagiske bestandar er hans spesialfelt, frå 2004-2008 var han bestandsansvarleg for norsk vårgytande sild.

No er han uroa over situasjonen i Norskehavet. -Det er teikn på at det skjer noko uvanleg der ute. Det finnast eit stort datagrunnlag på ei heilt uvanleg utvikling i Norskehavet. Eksempel på dette er funn av mager sild rett utanfor gyteområda i ein periode då denne fisken skulle vore på Island og beita. Eit anna eksempel er at makrellen har spreidd seg ut i eit område den aldri har vore i før.

Han meinar at silda no døyr grunna mangel på mat, og at det kan vere naudsynt med ei storstilt utfisking av makrell for å kompensere for ubalansen i bestandane. Minst ti millionar tonn, rundt fire gongar dei samla kvotane i år, kan det vere gagnleg å fiske ut.

Holst understrekar i intervjuet med BT at han ikkje er bitter, men han påpeikar at det er tungt å snu eit system som den norske fiskeriforvaltninga. -Eg skal ikkje slåss mot det, eg skal fortsette å vere ein positiv ressurs. Eg meiner situasjonen er så prekær at eg går ut for å påverke den på utsida, seier han.

Les og “Dette skal inn i forvaltningen”

For Salmon Group: Øyvind Kråkås