Søk i arkivet

Hardangerfjordforskrifta er skrinlagd

HardangefjordenDet blir ikkje innført ei særskild regulering av biomassen i oppdrettsanlegga i Hardanger, slik det var forslag om i høyringa i februar i år. Det heiter det i ei pressemelding frå Regjeringa i dag.

Vidare seier FKD:

Avgjerda er tatt i samråd med andre berørte statsrådar. – Vi har mellom anna lagt stor vekt på høyringsfråsegnene frå fagetatar, kommunar og fylkeskommunar, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Restriksjonane på etablering av nye løyve og lokalitetar blir vidareført. – Nye og meir miljøvennlege produksjonsløysingar må kunne takast i bruk også i Hardanger. Området vert prioritert når det gjeld ein slik ny modell for lakselusforvalting og tiltak mot rømming som det er gjort framlegg om i sjømatmeldinga, seier fiskeri- og kystministeren.

For Salmon Group: Øyvind Kråkås