Søk i arkivet

Fleire slakteri står i fare

Slakteriet FlorøMed dårleg tilvekst, regionale biomassetak og manglande utviding av nasjonal MTB, er faren overhengande for at fleire slakteri må redusere aktiviteten eller i verste fall opphøyre.

Veksten som tidlegare fiskeriminister Helga Pedersen varsla, har blitt avlyst av sitjande statsråd Lisbeth Berg-Hansen. Dei såkalla grøne konsesjonane utløyser på ingen måte den auka produskjonen som verdsmarknaden etterspøre, og kalde sjøtemperaturar gjere tilveksten til fisken langt dårlegare enn i normalår. Den røynde fiskehandlaren Per Vidar Ottesen i eksportselskapet Norwell, meinar dei biologiske tilhøva kan utgjere kring 150 000 tonn i produksjonsnedgang i 2013 i høve til fjoråret.

Samstundes har regjeringa varsla eit regionalt biomassetak for Hardangerfjorden og Sunnhordland, som kan medføre ei betydeleg minke av produksjonen i dette vanlegvis svært produktive området. Medan eit par år med lågare eksportpris har skapt nye og sterkare marknader for laksen, møter vi altso no etterspurnaden med ei sterk minke i utbodet. Dette vil på kort sikt føre til høge prisar til oppdrettar, men på lengre sikt vil det medføre tap i etterspurnad og marknadsposisjon.

Dei største produsentane har sentralisert si slakting/pakking, og ei rekke slakteri baserar seg utelukkande på den fisken som dei lokaleigde selskapa leverar. Når mange av desse no opplever ein reell nedgang i sin produksjon, svekkar det driftsgrunnlaget til ei rekke slakteri, og mange hundre arbeidsplassar står i fare. Salmon Group meinar dette er konsekvensen av ein uansvarleg og uføreseieleg politikk. Verdiskaping og arbeidsplassar vil gå tapt, matproduksjonen vil gå ned. Ein sentralisert slakteristruktur vil og gå ut over smittevernet mellom ulike område, som fylgje av auka transport av slaktefisk over større avstandar.

Les og:

Åtvarar mot høg champagnefaktor

Kald sjø svekkar produksjonen

Hardangefjordforskrifta i ein større samanheng

Snakkar ein om smolt for å sleppe å snakke om slaktefisk?

Tekst: Øyvind Kråkås