Søk i arkivet

Fiskeregulering skal redde Tanavassdraget

VillaksNoreg og Finland er i forhandlingar om avgrensingar i fisket av laks i Tanavassdraget. Overfiske har gjort situasjonen prekær. Forskarar er no optimistiske.

– Ja, jeg er veldig optimisk. Vi er for første gang på et punkt hvor begge landene er enige om situasjonen rundt laksen, og hvor alvorlig den er i forhold til å måtte gjøre noe nå, hvis vi skal ha et rikt laksefiske i fremtiden i vassdraget, fortel lakseforsker ved Norsk institutt for naturforskning (NINA), Morten Falkegård til NRK.

Villaksestammane i Tana er i ein svært alvorleg situasjon ifylgje forskarar på både norsk og finsk side. Spesielt laksestammane som tilhøyrer dei øvre delane er i ein prekær situasjon. Både forskarar og lokalbefolking er meir eller mindre enige om at dette skuldast overfiske over lengre tid.

Rådgjevar i Direktoratet for naturforvaltning, Kjell Magne Johnsen, presenterte på eit ope møte i Karasjok onsdag kveld ein figur som viser at sjølv med gode reguleringar vil det ta 20-35 år for dei ulike elvane å bli bærekraftige.

Sjå artikkel på NRK her

For Salmon Group: Øyvind Kråkås