Søk i arkivet

Ei stor lette for mange som har satsa mykje

TombreI Salmon Group føler vi ei stor lette i dag etter at Hardangerfjordforskrifta no er lagt bort. Der har vore satsa og jobba sterkt med det håp at denne dagen skulle kome.

At all den kunnskapen som er skaffa fram under høyringa no er teken til fylgje, styrkar og trua på dei demokratiske prosessane. Samfunnsperspektiv, økonomiske konsekvensar og ikkje minst dokumetasjon for det miljøarbeidet som er gjort i næringa i nettopp denne regionen, har vore tunga på vektskåla her. Aldri før har eit so grundig arbeidd vorte lagt ned frå næringa si side for å kome i møte påstandar frå styresmaktene og opinionen.

No handlar det om å brette opp armane og byggje vidare på alt som er lagt ned av innsats i Hardanger og Sunnhordland. Lagånden og samarbeidsviljen har vore unik mellom alle aktørane som er engasjerte i denne regionen. Vi ser fram til å vidareføre dette, og vil takke alle som har stått på for å spre kunnskap om oppdrettsnæringa og fakta om saka i denne langvarige prosessen.

Tekst: Øyvind Kråkås