Søk i arkivet

Det meste klart for Laksens Dag i Oslo

Grilla laks og ørretSalmon Group har i tre år vore med på å arrangere Laksens Dag i Florø. På sundag er det duka for Osloversjonen.

Arrangementet går føre seg på Youngstorget, og er ein del av “Åtgaum”, ei markering av Sogn og Fjordane sine 250 år.

Ti kokkar frå Kokkelauget i Sogn og Fjordane stiller opp og grillar laks og kveite. I tillegg blir det råd å smake røykt laks og grava laks. Under fotballkampen på kvelden, Sogndal-Brann på storskjerm, vert det råd å smake lakseburger med salat og dressing. Det vert servert lokalt øl frå fylket.

Ta med familien på eit hyggeleg arrangement, sundag 5. mai frå 12.00 og utover kvelden.

Les meir om:

 

Åtgaum

Satsar på ungt lag under Åtgaum

Tekst: Øyvind Kråkås