Søk i arkivet

CO2BIO mottok SPIR-prisen

CO2BIO logoSamarbeidsprosjektet CO2BIO AS mottok den første SPIR-prisen under Fornybarkonferansen. 

Prisen går til kommersielle prosjekt som bidrar positivt i klimaspørsmålet. Prisen er 50.000 kroner i kontantar og 75.000 kroner i rådgjeving frå PwC, som delar ut prisen saman med Norsk Klimastiftelse og Bergen Næringsråd.

CO2BIO AS er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og laksenæringa om kommersialisering av mikroalgedyrking som råstoffleverandør til fiskefôr. Det tek utgangspunkt i reinseanlegget for CO2 ved varmekraftverket på Mongstad. Gjennom fotosyntese omgjere mikroalgar CO2 til oljerik biomasse og oksygen. Prosjektet arbeidar med å få fullfinansiert eit pilotanlegg på Mongstad.

Les meir på www.co2bio.no

Tekst: Øyvind Kråkås