Søk i arkivet

Aktuelt

Vil opne Lærdalselvi for fiske

LærdalselviElveeigarlaget i Lærdal ynskjer no å opne “dronninga mellom lakseelver” for ordinært fiske for første gong på 17 år.

Etter at elva i 1996 fekk påvist smitte frå lakseparasitten Gyrodactylus, har ein forsøkt å få bukt med problemet gjennom fleire omgangar. No får positive fisketeljingar optimismen til å stige i Lærdal.

– Det vi ønskjer er å starte eit berekraftig sportsfiske på ein fiskestamme som skal leve vidare og vekse seg sterk. Vi håper verkeleg å sleppe å få påvist gyroen endå ein gong, seier styreleiar Lasse Sælthun i Lærdal elveeigarlag til avisa Bergens Tidende.

Frå 2005 til 2012 er det brukt 90 millionar kroner på å bekjempe parasitten i Lærdalselvi. Parasitten smittar mellom villfisk, eller via utstyr som blir nytta i smittebærande vassdrag. Det er no opp til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Direktorat for Naturforvaltning om fisket vert opna att i Lærdalselvi.

Tekst: Øyvind Kråkås