Søk i arkivet

Trur ikkje at krav kan erstatte lokalt eigarskap

Svein A. ReppeSvein A. Reppe, administrerande direktør i Norske Sjømatbedrifters Landsforening, NSL, har ikkje tru på krava som skal erstatte eigarskapsavgrensinga i oppdrettsnæringa. – Dette fungerar ikkje i andre næringar, og vil heller ikkje fungere på sikt i oppdrettsnæringa, seier han i siste nummeret av Norsk Sjømat.

I Reppe sin leiarartikkel i bladet, skriv han at krava som er skisserte i høyringsutkastet om oppheving av 25 % eigarskapsavgrensing “liknar sterkt på ordninga med leveringsplikt for trålflåten  nord, og som alle veit ikkje fungerar slik det var tenkt då den vart innført”. Aktørane som lova drift på filetanlegga den gongen, leverar i dag der dei finn det mest lønsamt, og politikarane står makteslause overfor desse avtalebrota.

Reppe meinar krava forsøkjer å erstatte tapet av dei verdiane som lokalt eigarskap naturleg fører med seg, men at dette vil strande på krava om maksimal avkastning til eigarane i dei store selskapa. “Verdien av lokalt eigarskap kan ikkje kompenserast med krav og avgifter. Eg trur på eit mangfald av eigarskap og at dette vil tene kystdistrikta best både no og i framtida”, konkluderar reppe.

Les og:

Salmon Group si høyringsuttale

Er det snart over for dei lokaleigde oppdrettarane?

Tekst: Øyvind Kråkås