Søk i arkivet

Aktuelt

Ta meir av svinnet i ferskvassfasen

FjordsmoltTal som Kontali Analyse har arbeidd fram, syner at svinnet i lakseproduksjonen på Færaøyane er like stort som i Noreg. Men dei teke eit større svinn i ferskvassfasen, noko som medfører langt lågare kostnader.

Det har lenge vore hevda at Færøyane har knekt koden for å minske svinnet i sjøvassfasen gjennom å dele inn i produksjonsområde. Tala frå Kontali tyder på at strengt fokus på kvalitet på smolten som blir sjøsett, er den avgjerande faktoren.

– Totalsvinnet på Færøyane er ganske likt det norske, men dei har mykje meir av svinnet i ferskvatn, sa Jan Petter Kosmo frå Kontali under Frisk Fisk konferansen i Bergen sist veke.

Også under Salmon Group si fagsamling på Lanzarote vart utsortering før sjøsetting framheva som ein nøkkelfaktor for å redusere tapa og få ein robust fisk i sjø. Det er etter sjøsetting at svinnet byrjar å bli kostbart.

– Svinn i sjøvatn har kjempemykje å seie for produksjonskostnaden, og er hovedforklaringa på at Chile gjekk frå en produksjonskostnad i 2009 rundt 30 kr/kg, til 24 kr/kg to år etter. Noreg hadde i 2011 ein produksjonskostnad på 23 kr, medan UK låg på 25, sa Jan Petter Kosmo på konferansen.

Les og: Store luseproblem på Færøyane

Tekst: Øyvind Kråkås