Søk i arkivet

Aktuelt

Svært skuffa over at Hardangerfjordforskrifta kjem opp på ny

TombreUnder EWOS sin konferanse på Solstrand Hotell sist fredag, kunngjorde FKD at Hardangerfjordforskrifta nok ein gong skal ut på høyring. Dette skuffar Salmon Group og dei involverte verksemdene i regionen.

“I høyringa vil departementet foreslå at inntil 50 000 tonn biomasse kan stå i kommersielle anlegg som vert brukte i dag. Overskytande biomasse kan enten unyttast innanfor Hardangerfjordområdet i produksjonsløysingar som samsvarer med dei som vert godkjende i den nye tildelingsrunden for 2013, eller flyttast ut av området til ein annan stad i Fiskeridirektoratets region vest”, heiter det i ei pressemelding.

Salmon Group meinar Hardangerfjordforskrifta ikkje er heimla i eit fagleg verkelegheitsbilete. Regionen ein har konstruert som “Hardanger” er ikkje korkje homogen eller generelt meir miljøbelasta enn andre område. Å innføre eit eige lovverk for dette området har ikkje rot i reelle miljødata.

Talet på 50 000 tonn er heller ikkje grunngjeve fagleg, men framstår berre som ein politisk kjepphest. Vi er svært skuffa over at regjeringa nok ein gong rir denne kjepphesten, framfor å gå inn i den konkrete situasjonen for dei enkelte aktørane.

Salmon Group meinar at den store variasjonen i miljødata mellom anlegg og aktørar syner at der må gjerast individuelle fiskevelferdsvurderingar. Smoltkvalitet, god røkting og passeleg biomasse i merdane er stikkorda her.

For dei lokale oppdrettarane kan forskrifta bli skjebnesvanger. Ein har alt satsa mykje på produksjon og slakteri, på tross av ei rekke særtiltak og trugsmål om nedbygging. Mangelen på fagleg forankring for dei føreslegne tiltaka gjere situasjonen særleg nedbrytande.

Les og: Konsekvensutgreiing syner at mykje står på spel

Tekst: Øyvind Kråkås