Søk i arkivet

Satsar sterkt på å sjarmere i Oslo

Jens Stoltenberg og Solveig WillisSalmon Group har som første verksemd meldt seg som hovudsponsor til Sogn og Fjordane fylke si 250 års markering i Oslo 5. mai.

Markeringa vil føregå på Youngstorget, og er ein del av ei feiring som vil vare gjennom heile 2013. Salmon Group ser dette som eit glimrande høve til å syne fram oppdrettsnæringa for Oslofolket. Vi trur at mange i Oslo er nyfikne på oppdrett, og ynskjer meir kunnskap om denne viktige kystnæringa. Samstundes er der nok ikkje alle som er klar over kor mykje fisk som blir produsert berre i Sogn og Fjordane. Produksjonen av laks i dette fylket åleine, overstige den samla kyllingproduksjonen i Noreg.

Under sjølve arrangementet vil Salmon Group profilere seg saman med andre selskap i laksenæringa i fylket. Foreløpig har Coast Seafood, Norwell og Bravo Seafood slutta seg til dei lokale oppdrettarane i arrangementskomiteen. Vi ynskjer fleire med på laget, også frå fiskeria, elveinteresser og oppdrettarar av andre artar.

Sogn og Fjordane er eit sterkt fiskefylke både i fiskeri, fisketurisme og havbruk, og likeins på leverandørsida. Vi ynskjer at dei som vitjar arrangementet på Youngstorget skal få eit mest mogleg heilskapleg bilete av fylket sin marine aktivitet. Mykje av potensialet for framtidig vekst i folketal og verdiskaping ligg i denne sektoren. Vi har ikkje vore flinke nok til å fronte dette tidlegare, men no trakkar vi til med ein skikkeleg offensiv.

Det endelege opplegget er enno ikkje klarlagt, men vi vil kome attende med oppdateringar fram mot arrangementet. Arrangør av folkefesten er forumet Framtidsfylket, og desse jobbar no med å få med fleire sponsorar frå dei store næringane i fylket.

Tekst: Øyvind Kråkås    Foto: Oslomann sjarmert av Salmon Group sin kvalitetsleiar