Søk i arkivet

Salmon Blog: Restrukturering under falskt miljøflagg

Produksjonsområde, soneforskrifter og Hardangerfjordforskrift. Alle desse regelendringane for korleis det skal vere lov å drive oppdrett, kjem samstundes med at regjeringa løyser opp eigarskapsavgrensingane. Det blir hevda at det skal betre miljøtilstanden hos næringa. Men det einaste vi veit det vil endre er eigarskapsstrukturen. Regelendringane er ei gåve til internasjonale investorar, og norske kystsamfunn betalar prisen.

Då arealutvalet i 2011 la fram sitt forslag til framtidas arealbruk i oppdrettsnæringa, overraska dei med eit forslag som innebar meir arealtrong berre for å oppretthalde dagens produksjon. Dei såkalla produksjonsområda skulle dempe næringa sin miljøpåverknad, og Færøyane vart synte til som sanningsvitne.

Næringa på Færøyane kollapsa som fylgje av uhandterlege ILA- utbrot på midten av det førre tiåret. Dette fekk oppdrettarane der til å innføre generasjonsskilje (som var gamalt nytt i Noreg), auka fokus på smoltkvalitet og ei soneavgrensing som regulerte utsett og transport av fisk mellom regionar. I dag veit vi at næringa på Færøyane har minka dødelegheit i sjøfasen, men har same totale utgang som norsk laksenæring, grunna ei meir hardhendt vraking i ferskvassfasen. Økonomisk er dette gunstig. Vi veit og at næringa på Færøyane har ekstreme problem med lus, utan samanlikning verre ein dei vi har her heime. Det vil ganske sikkert, om ikkje der skjer ei dramatisk betring, før eller seinare ende i eit massivt sjukdomsangrep.

Den færøyske modellen, som mange har kalla innføringa av soner, har altso ikkje hjelpt mot det verste og mest grunnleggande miljøproblemet; lakselusa. Lusa blir rekna som den verste trusselen mot villfisk, og lusa fører til sjukdom på oppdrettsfisken, dersom ho ikkje vert halden i sjakk. Det nest største miljøproblemet, ut frå den norske forvaltninga sine analyser, er røming. Ingen trur sonar vil hjelpe mot røming. Sonar hjelpe heller ikkje mot svinn i sjøfasen. Den effekten fekk Færøyane frå arbeidet i setjefiskfasen. Omtalen av produksjonsområde som ”den færøyske modellen” er altso ei misforståing, eller ei løgn, alt etter kunnskapsnivået til den som forfektar han.

Likevel står norsk forvaltning og ei rekke norske politikarar faste på krava om å innføre produksjonsområde. Dette vil kaste om på heile den lokalitetsstrukturen næringa har i dag. Det vil koste masse pengar for alle, men for dei mindre og lokalt baserte aktørane vil det bli nærast uråd å tilpasse seg. Konsekvensen kan fort bli at dei store nasjonale og internasjonale aktørane kan plukke konsesjonar som nedfallsfrukt. Opphevinga av eigarskapsavgrensinga sikrar at også den største aktøren av alle kan delta i dette etegildet.

Under dekke av eit svært lite truverdig miljøtiltak, kvittar norske styresmakter seg på denne måten med den siste resten av lokal tilknyting for det som i nokre tiår har vore kysten si viktigaste vekstnæring. Anlegga vert gjerne liggande att, men administrasjon, slakteri og tenesteyting forsvinn frå ei rekke kommunar. Arealavgift skal vere det som blir liggande att lokalt. Til det er det å seie at her gjere kommunepolitikarane eit dårleg byte. Det er folk kommunane er mest i manko på, og folk treng arbeid.

Nokre år etter at ein har innført produksjonsområda og Hardangerfjordforskrifta, vil der vere nye og heilt andre miljøtiltak som gjeld. Kanskje er det då pålegg om lukka anlegg? Då vil arbeidet med produksjonsområde vere heilt bortkasta. Ei heil næring er servert på sølvfat til internasjonale investorar, og ingenting godt er kome ut av det. Men då er der vel kome nye folk i forvaltninga, og nye politikarar på Stortinget. Og dei som har gått av, vil seie at dei gjorde alt dei kunne, og i beste meining. Men det vil ikkje vere sant. Prøv heller litt til å setje dykk inn i kva fordelar og ulemper som vil kome med produksjonsområde og sonedrift. Og ta gjerne ein helgetur til Færøyane for å trekke pusten.

Les og:

NSL og SG dannar felles front mot produksjonsområde

Er det snart over for dei lokaleigde oppdrettarane?

Hardangerfjordforskrifta får betydelege konsekvensar

Tekst: Øyvind Kråkås