Søk i arkivet

Aktuelt

Salmon Blog: Lokomotivet køyrer oppdrettsnæringa ut av Noreg

Ideen om ei eller få store verksemder som ”lokomotiv” for ei heil næring, er etter Salmon Group sitt syn ikkje truverdig. Den er basert på heilt feil premissar, som at eit børsnotert selskap vil føle eit særleg ansvar for miljøpåverknad og verdiskaping i distrikta. Det er ingenting ved strukturen til eit slikt selskap som tilseier det, snarare tvert om.

Med ein spreidd, globalisert eigarskap er selskapet avpersonifisert, og kan nytte sine ressursar til å maksimere utbytet til eigarane. Det vert gjort gjennom raskast mogleg inntening og store utbyte frå selskapet sine midlar. Langsiktig teknologiutvikling og miljøarbeid er ikkje faktorar som står spesielt sterkt i denne typen forretningsstrategi. Det er ikkje ein politisk påstand, men ei økonomisk sanning.

Om ein skal planlegge for framtida, kan det vere nyttig å læra av fortida. Tanken om dominante verksemder som fornyingsmotor og profesjonaliserande part, er ikkje ny. Forløparane til dagens Marine Harvest, Pan Fish og Fjord Seafood, var og etla ein slik posisjon. I dag er desse selskapa mest hugsa for finansiell akrobatikk og hausing av verdiar. Lokomotiva spora av og hamna i bankane sin bakhage, der sterke investorar etter kvart kom og plukka dei opp. Den teknologiske statusen tilseier at denne typen selskap ikkje driv med ein meir komplisert teknologi enn mindre aktørar. Større ringar og større populasjonar på kvar lokalitet, vitnar ikkje om banebrytande forsking eller særskilde idear om biologisk tilpassa drift. Aksjemarknaden er ei arena for industriverksemder, og det er berre prinsippa om masseproduksjon og suksessiv kvartalsvis vekst som finn noko publikum der.

Teknologiutvikling og miljøtilpassing må skje gjennom ein kombinasjon av stimulans overfor næringa og lovgjeving. Å tildele særskild makt og marknadsdominans til enkeltaktørar er ingen farbar veg. Mest truleg vil dette hemme utviklinga, som fylgje av manglande konkurranse og ei forskyving av makt frå styresmaktene over på private hender. Det som no kan vere i ferd med å skje, er ikkje ei konsolidering av norsk laksenæring, det er eit utsal. Eit av dei fremste norske næringseventyra gjennom tidene, er i ferd med å bli skipa ut til globale investorar. Ideane om å sikre norske lokalsamfunn vil gå tapt. Om få år sit vi att med eit fåtal regionale landanlegg og ein uføreseieleg struktur av oppdrettslokalitetar, mest truleg bemanna av omreisande personell. Kapitalressursane som oppdrettnæringa har bygd opp langs kysten vil mest truleg forvitre. For kva har desse samfunna som det er like attraktivt å investere i som lakseoppdrett?

Denne  teksten er ein del av Salmon Group si høyringsuttale om regjeringa sitt forslag til bortfall av eigarskapsavgrensinga.

Les heile høyringsuttalen her

Tekst: Øyvind Kråkås