Søk i arkivet

Osland Havbruk 50 år- intervju med mannen bak boka

Stig og ErikBoka om Osland Havbruk som nyleg kom ut, er forfatta av Stig Hovlandsdal Øvreås. Her kan du lese eit intervju med denne unge forfattaren, der han fortel litt om seg sjølv og prosessen kring boka.

 

 

 

 

 

 

Hei Stig, korleis tok du fatt på dette skriveprosjektet?

– Arbeidet med boka starta i det små på nyåret 2011, med innsamling av stoff frå både munnlege og skriftlege kjelder. Etter ei stund byrja puslespelbitane å fall på plass, og eg fekk danna meg eit bilete av Eros Laks/Osland Havbruk si historie. Til tross for at eg har vakse opp med verksemda hadde eg som mange andre i regionen lite kunnskap om den unike historia som har utfalda seg utafor stuedørene våre, og det vart ein både lærerik og ikkje minst spanande prosess å grave djupare i dei lokalhistoriske skattane. Samstundes vart eg undervegs i arbeidet meir og meir overtydd om at dette var ei historie som er relevant for heile landet, då ho omhandlar den kanskje mest interessante verksemda, i den meste interessante næringa, Noreg har å by på.

Kan du fortelje litt om strukturen og den dokumentasjonen som ligg til grunn for boka?

– Sidan eg har fått arbeide med både teksten og den grafiske utforminga av boka har eg hatt høve til å tenkje heilskapleg gjennom heile prosessen, og nettopp samspelet mellom det visuelle og det tekstlege har vore viktig for meg. Lesaren får sjølv sjå ein del av kjeldene og bileta som teksten er basert på. Ein del av illustrasjonane i boka har og stor dokumentarisk verdi, som Erling Osland si første bestilling av 100 000 aureegg i januar 1962. Påstandar eg kjem med i teksten får ein heilt anna tyngde når eg kan vise til konkret dokumentasjon, og det er berre flaks at slike dokument ikkje har gått tapt med tida. Elles inneheld boka alt frå gamle planteikningar, brev, avisutklipp, medlemsbevis i ymse foreiningar og organisasjonar, og ikkje minst gamle bilete som visar korleis fiskeoppdrettet har utvikla seg på Osland frå byrjinga av 60 talet og fram til i dag. Håpet er at boka kan gje eit unikt innsyn i verksemda, og at det visuelle underbyggjer teksten, om omvendt. I e-bok versjonen som er tilgjengeleg til iPad gjennom iBookstore (https://itunes.apple.com/no/book/jakten-pa-det-s-lvblanke-gullet/id599457713?mt=11) kan lesaren også få sjå videoklipp frå 70-talet, og høyre fleire intervju med pioneren Erling Osland sjølv.

Kan du seie litt om skriveprosessen?

– Med tanke på at dette er den første boka eg både har skrive og gitt ut, er eg godt nøgd med sluttresultatet. Det er også særs triveleg at Erik Osland set pris på boka, og at ein del av innhaldet også var nytt for han. Responsen har vore god, og då kanskje særleg utanfor Høyanger kommune. Det er nok lettare for dei utan eit nærast kvardagsleg forhold til verksemda å sjå historia med eit meir overordna og nøytralt blikk. Det er mange som har ulike oppfatningar av Eros Laks/Osland Havbruk, og særleg dei som kom i kontakt med den sterke personlegdomen til Erling Osland visar stor spennvidde i inntrykket dei sat igjen med. Det har vore ei utfordring i skriveprosessen å balansere mellom alle desse ulike inntrykka og karakteristikkane, samstundes som ein skal forsøkje å gje eit nøytralt og riktig bilete av hendingar og personar.

Kva er din eigen bakgrunn?

– Etter at eg fullførte mastergraden min i medievitskap ved Universitetet i Bergen for eit par år tilbake har eg arbeida deltid for universitetet, og som freelancejournalist. Det var gjennom mitt virke som journalist at Erik tenkte på meg som ein potensiell forfattar, og eg tok etter ei kort tenkjepause på meg oppdraget hans. Dei siste knappe to åra har gitt meirsmak, og eg satsar no for fullt på verksemda mi Finurlig Tekst og Design. Eg kan ta på meg det meste av oppdrag knytt til tekst og grafisk utforming, og har også eit eige forlag som kan gje ut alt av publikasjonar på både nett og i trykt form.

Les og: 50 år med oppdrett mellom to permar

For Salmon Group: Øyvind Kråkås