Søk i arkivet

Aktuelt

Laksens Dag 22. juni

Røde Kors grilla laks på Laksens DagLaksens Dag i Florø har blitt ein del av den faste gullrekka i juni, ved sidan av Sildebordet, Kinnaspelet og Florø Rockeklubb sin musikkfest. Laurdag 22. juni er det klart for årets laksedag i Strandgata.

Laksens Dag vart starta opp att i 2010, og har sidan den gongen vore eit samarbeid mellom Salmon Group og ei rekke andre sjømataktørar. Ideen har heile tida vore å tilby kunnskap om lakseoppdrett og laksen som produkt, sett inn i ei festleg og folkeleg ramme. Slik blir det også i år.

Programmet for årets arrangement er ikkje klart enno, men vi kan garantere at det blir råd å smake laks av beste merke. Florø Rockeklubb feirar i år 20 års jubileum, og saman med dei vil vi tilby god musikk gratis til folket frå scena i Strandgata. Sildebordet er som vanleg fredag før Laksens Dag, 21. juni, og Kinnaspelet blir synt laurdag og sundag.

Meir informasjon vil kome etter kvart på salmongroup.no og i lokalavisa Firdaposten.

Spørsmål? Lyst til å delta? Kontakt Øyvind Kråkås på tlf: 90 28 80 64, eller e-post: oyvind@salmongroup.no

Laksens Dag – ei smakfull oppleving!