Søk i arkivet

“Firkløver” for betre miljø

FirkløverSalmon Group lanserar ei hugseliste på fire tiltak som vil betre miljøtilstanden i norsk oppdrettsnæring. Vi meinar sonetankegangen har vorte ei avsporing i høve til å setje fiskevelferda i fokus.

 

 

Dei fire nøkkelfaktorane vi framhevar er:

Betre smoltkvalitet. Dette vil betre dyrevelferda gjennom lågare svinn i sjøfasen. Dårleg eigna smolt døyr tidleg i sjøen, eller blir gåande som smittebærarar i anlegga. På Færøyane er dette ein av nøkkelfaktorane til lågare dødelegheit i sjø.

Godt fôr. Fisken blir det han et, og han treng eit godt og riktig fôr for å oppretthalde god motstand mot sjukdom og lusepåslag. Salmon Group har vår eigen fôrresept for å gjere fisken robust og av god kvalitet.

Rett mengde fisk i merdane. Salmon Group har lenge hevda at for store oppkonsentrasjonar av biomasse er uheldig for miljøtilstanden både i og rundt merdane. Spesielt vil ein merke dette ved låge oksygennivå i sjøen eller ved handtering av fisk/nøter. På stor fisk er det handtering som forårsakar det største tapet.

God røkting av fisken. Fisken er eit husdyr som treng ettersyn og stell. Moderne utstyr har gjort tilsynet med fisken og fôringa enklare, men ein treng likevel kompetent personale som veit kva dei ser etter og korleis ein reagerer på endringar i vassmiljø og tilstanden til fisken. Ved å tolke observasjonar rett, kan ein unngå mange uheldige situasjonar. Godt tilsyn med utstyr og anlegg sikrar vernet mot røming. Salmon Group har sitt eige internkontrollsystem som hjelper oppdrettarane med å overhalde prosedyrar og fylgje opp eventuelle avvik.

Les og:

NSL og Salmon Group dannar felles front mot produksjonsområde

Ta meir av svinnet i ferskvassfasen

Tekst: Øyvind Kråkås