Søk i arkivet

Fagsamling i varmare strok

LanzaroteSalmon Group arrangerer fagsamling på Lanzarote denne veka, med 51 deltakarar frå aksjonærar og leverandørar. Ei rekke tema er oppe gjennom føredrag og diskusjon.

SG sin eigen stab informerar om noko av arbeidet som skjer administrativt, mellom anna med benchmarkingforsøk og tilpassingar til nytt regelverk for arbeidsbåtar.

Frå aksjonærane er der fleire som stiller opp og deler kunnskap og erfaringar. Smolttransport, smittehygiene og andre førebyggande tiltak mot sjukdom er mellom emna som er oppe.

Leverandørane Skretting og AquaGen held innlegg om oppdrett av reinsefisk, fôring av smolt og triploid fisk, mellom anna.

Tekst: Øyvind Kråkås