Søk i arkivet

Er det snart over for dei lokaleigde oppdrettarane?

Buttedahl og OslandMedan det i landbruket er lovfesta rett til å overta jorda etter førre generasjon, er det i havbruket stadig færre familieverksemder att. Mange fryktar at regionalisering gjennom driftsforskriftene og eit bortfall av eigarskapsavgrensingane skal slå dei siste spikrane i kisteloket for dei familiedrivne oppdrettsselskapa.

Erik Osland er tredje generasjons fiskeoppdrettar. Verksemda Osland Havbruk AS er den eldste reindyrka oppdrettsverksemda i landet, starta i 1965. Dei driv med fem konsesjonar for laks og aure i verdast lengste fjord, Sognefjorden. Frå bestefaren sine eksperiment med aure i dammar på land og avstengde vikar, driv Erik i dag ei topp moderne oppdrettsverksemd med spissposar og kameraovervaking av merdane. Med eigarskap i rognselskap, setjefiskproduksjon og eksportselskap har han kunnskap om heile verdikjeda.

– Ein snakkar gjerne om foredling av slaktefisken, men vi foredlar fisken i alle ledd, seier Erik Osland. Gjennom avl, fokus på smoltkvalitet, god kvalitet på fôret og godt marknadsarbeid, er vi med og aukar verdien på den fisken vi produserar. Det må jo vere formålet med foredling.

Bakvendt og meiningslaust

Produksjonen går bra. Verksemda har flinke folk , ei blanding av erfaring og ungdom, og nesten lik fordeling mellom kvinner og menn. Dessutan er Sognefjorden eit utmerka område for fiskeoppdrett, ferskvatn frå elvar og brear er med på å redusere påslaget frå lakselus. Dermed unngår ein mykje handtering og stress av fisken. Det som uroar leiaren er snarare det som skjer i Oslo. Arealutvalet har føreslege å innføre produksjonssonar der det blir rigide sonar for utsett og brakklegging. Dette vil kaste heilt om på det systemet som ein har satsa på til no, med av kvar oppdrettar er ansvarleg for sitt område.

– Oppdrettarane i Sogn og Fjordane gjorde ein stor jobb for ein del år sida, der kvar enkelt flytta heim produksjon til sitt kjerneområde. Oppkjøp hadde laga ein meir samanvevd lokalitetsstruktur, men no fekk kvar og ein eit heimeområde der ein sjølv hadde ansvaret og kontrollerte utsett og brakklegging. Sjølv har eg berre Marine Harvest som nabo, og vi har løyst dette greitt mellom oss. Når den eine har stor fisk har den andre liten, og i periodar er området tomt. Dette minskar presset frå lus og sjukdom.

”Heimflagginga” av lokalitetar er det heilt omvende av det arealutvalet føreslår, og ikkje like lett å gjennomføre i alle fylke. Men å kaste om på dette systemet no, etter den innsatsen som vart gjort og dei resultata ein har hausta, ser Osland på som meiningslaust.

– Dette er slikt som tar motet frå ein, sjølv om ein har stridd det meste av utfordringar i denne næringa. Det står føre oss som bakvendt og meiningslaust å skulle gjennomføre ei slik kuvending.

Kan bli den siste og avgjerande steinen til børa

Gjennom 40 år med fiskeoppdrett har næringa mange gongar sett ut til å vere i solnedgang. Aggressive sjukdomar, konkurs i salslaget, priskrakk, nervøse bankar og straffetiltak frå den viktigaste marknaden, EU, har vore blant dei mest søvnfordrivande utfordringane næringa har kjent på kroppen. På den andre sida har det ikkje mangla på freistande tilbod om å selje til dei store aktørane.

– Dei som enno driv oppdrett i familieselskap er dei tøffaste som har vore i næringa, seier Nils Inge Hitland, dagleg leiar i nettverket Salmon Group. Han har ansvaret for eit fellesskap der denne typen verksemder forhandlar store avtalar i lag, og dannar ein felles front i viktige saker, politisk og fagleg. I dag representerar nettverket 100 matfiskkonsesjonar, om lag 10 % av den norske lakseproduksjonen.

– Desse bedriftseigarane har levd med stadige trugsmål om ruin på den eine sida, og gullkanta tilbod om å selje seg ut på den andre. Å halde fram, satse og utvikle under slike vilkår, tydar på ein vilje av stål og sterke tankar om å utrette noko for lokalsamfunna.

Lovverket kring eigarskap har endra seg gjennom ulike epokar sidan den gong kvar oppdrettar berre kunne eige ein konsesjon, og han sjølv måtte vere tilsett på anlegget. Dei siste åra har der vore ein lovfesta avgrensing på kor mykje ein eigar kunne kontrollere av den totale lakseproduksjonen i landet. Først endra dei raudgrøne den frå 30 % til 25 %. Men etter press frå ESA, organet som overvakar EØS-avtalen, er der no gjort framlegg om å fjerne heile avgrensinga. I prinsippet vil då ein enkelt aktør kunne vokse seg så stor som han vil og evnar.

– Det er klart at jo større ein dominant aktør blir, og til færre konkurrentar der er i næringa, dess mindre attraktivt vert det å sitje att på den andre enden av vektstonga, seier Hitland. På eit tidspunkt vil ein ha noko tilnærma ein monopolist, ei verksemd som kontrollerar akke viktige premissar for bransjen.

Vanskeleg å planlegge for framtida

Erik Osland har ingen planar om å selje. Sognefjorden er den same gamle, laksen veks, prisane ser ut til å bli bra ei stund, og folk i Bjordal gler seg over at verksemda gjere det godt og sysselset mange både i eiga og andre næringar. Entreprenørar, handverkarar, mekaniske bedrifter og ei rekkje andre tenesteytarar leverar til Osland Havbruk. I nabokommunen Gulen er dei heilt avgjerande for å halde slakteriet i Brekke i drift. Men får vi sjå enno ein generasjon oppdrettarar i pioneren sine fotspor?

– Det er store val å ta. Vi er ivrige på å ta næringa vidare, fylgje nye krav og helst vere i føringa. Men vi klarar ikkje å stå imot ei statsmakt som ikkje ser verdien av lokaleigde verksemder i denne bransjen. Det ha vore eit eventyr å få vere med på framveksten av norsk laksenæring. Frå dei enkle forsøka til ein effektiv produksjon. Frå nokre kassar med slaktefisk og til 1,1 million tonn. Men sjølv eventyr tek vel slutt ein dag…

Tekst og foto: Øyvind Kråkås